
Hareid kommune dropper Facebook
Siden folk forhåpentligvis ikke er på Facebook, tar jeg meg friheten til å kopiere og lime inn det som kommunen postet på FB. Det går heller ikke an å lenke direkte til posten på r/norge .
Saken er også omtalt i Sunnmørsposten: https://www.smp.no/nyheter/n/kvJpwX/dette-var-dropen-no-er-forholdet-over (betalingsmur)
>Sorry, Facebook. No er det slutt – og denne gongen er det ikkje meg – det er deg.
>Eller, det har vore deg ein god stund, med dine ubereknelege algoritmar, svindelannonsar, KI-søppel og massive personvernutfordringar.
>Hareid kommune har hatt eit elsk-hat-forhold til deg lenge, men har likevel vore aktive i forholdet – fordi vi har hatt utbytte av det. Vi har delt informasjon med innbyggarar og andre interesserte – og dei har lese. Positivt for oss, nyttig for dei og pengar i kassa for deg. Eit vinn-vinn-vinn-forhold!
>Men verdien av forholdet vårt har, for oss, blitt lågare og lågare med åra. Du har mellom anna gjort det vanskelegare og vanskelegare å lenke til heimesida vår – fordi du vil halde følgarane våre fast i ditt univers og ikkje sende dei vidare. Alt skal skje på dine premiss – og det er ikkje slik det skal vere i eit forhold.
>Og no skal du til og med ha betalt* for at vi får dele informasjon. Nei, det var dropen. Eller kanskje, sidan vi har hatt blanda kjensler for deg lenge, ei moglegheit til å seie:
>Takk for alt – no gjer vi alvor av skilsmissetankane.
>Så kva gjer vi med borna våre… eh… eg meiner innbyggarane våre?
>Skal vi ha dei annakvar veke og helg? Berre høgtider? Heldigvis er dei vaksne folk som kan velje sjølv, men vi håpar dei flyttar vidare med oss inn i dei andre kanalane våre.
>Mange av innbyggarane våre er allereie vande med delt bustad. 1000 personar abonnerer på nyheitsbrevet vårt – i ein kommune som har 5000 innbyggarar. Dei som abonnerer er også strålande nøgde med denne "bustaden". Kvart einaste nyheitsbrev blir i alle fall opna av fleirtalet - over 600 i snitt!
>Vi trur og håpar innbyggarane våre her på Facebook er meir opptekne av lokalsamfunnet sitt, enn deg - eit multimilliardærkonsern som ha som einaste mål å mjølke dei for tid (som er gir deg pengar sidan du lever av å vise fram annonsar til dei).
>Vår intensjon er ikkje å tene pengar – det er fellesskap. Ja, sjølve ordet kommune kjem frå latin og tyder «felles»! Frå same opphav har vi ordet «kommunisere» – som betyr å «gjere felles». Vi må altså kommunisere for å skape fellesskap, og det har vi ikkje tenkt å slutte med, sjølv om du ikkje vil vere med på leiken.
>På nettsidene** våre og i nyheitsbrevet – og på sikt kanskje i andre kanalar, vil innbyggarane framleis få informasjon om det som kommunen deira driv med, kva skattepengane går til, kva vi forventar dei – og kva dei kan forvente av oss.
>Vi startar no med ein separasjonsprosess, så får vi sjå kvar dette endar – men utfallet er i stor grad opp til deg. Vi kjem i denne omgang ikkje til å slette hovudkontoen vår, men det er uaktuelt å betale deg for å leggje ut lenker. Vi kjem framleis til å publisere noko stoff, men dei to gratislenkene vil vi bruke til å promotere dei andre partnarane våre.
>* Meta (Instagram og Facebook) krev no at alle sider som skal leggje ut meir enn to lenker i månaden må betale – dette gjeld også i lenker i kommentarfelt slik vi gjer i dag. Skal vi dele opptil åtte lenker – må vi betale 6000 kroner i året, opptil 20 lenker – som ligg nærast det nivået vi har delt i dag, kostar 18.000. Meir enn 20 lenker kostar 60.000 i året.
>** Nettsidene våre er navet i all kommunikasjonen vår. Der skal du finne alt du treng, så du skal sleppe å ha konto eller abonnere på noko som helst. Dei andre kanalane skal berre vere vidareformidlingskanalar, men er kjekke å ha for å få varsel om endringar og nyheiter.
Forhåpentligvis er dette starten på en trend der folk, bedrifter og kommuner sier nei takk til Meta/Facebook. Drittifiseringen av plattformen er nå så ekstrem at det rett og slett er skadelig å være der.
Det er på tide å ta tilbake det personlige eierskapet til internett, og ikke overlate alt til Big Tech sine plattformer og algoritmer.